VELKOMEN!!
Ellingsøy Kirkering står for KUNSTKAFÉ i kyrkjelydssalen i Ellingsøy kyrkje
fredag 24. og laurdag 25. oktober. Kunst og handverk av lokale kunstnarar. Kaffimat og drikke til sals.
Fredag 24. oktober kl 16.00-19.00 og laurdag 25. oktober kl 12.00-16.00 steller Ellingsøy Kirkering i stand KUNSTKAFÉ i kyrkjelydssalen.
KUNSTKAFEEN er ein måte å samle lokale kunstnarar og feire deira bidrag til vårt lokalsamfunn. Ikkje minst er det eit høve for oss andre til å treffast, bli inspirert av kunsten og slå av ein prat med god kaffimat og drikke ved bordet.
Ein tur innom kafeen passer sjølvsagt for alle aldrar!
Vi ser fram til å ønske lokale kunstnarar og publikum velkomne att!