Ord til ettertanke på pinsedagen


På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til pinsedagen.

Tekst: Joh 14,23-29

«Ordet er deg nær»

Einsemd er eit av dei store samfunnsproblema i våre rike land. Det er ingen mangel på folk, men likevel ingen vi kan snakke med, ingen vi kan dele kvardag, gleder og sorger med.

I pinsedagsteksten vår kjem Jesus med ein lovnad inn i vår einsemd: «Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og den som elskar meg, skal Far min elska, og vi skal koma og ta bustad hos han.» Det er ikkje kva slag samvær som helst som vert lova, men kjærleik! Både Jesus og Faderen kjem. Den heilage Ande vert det også gitt lovnad om, og brått er vi midt inne i den fellesskapen som Gud er.

Å halde fast på Jesu ord kan vere å ta vare på det, gøyme det, som ein dyrebar skatt. Det kan også vere å prøve å vere lydig mot boda han gav den gongen eller noko han ber oss gjere no.

I 5.Mosebok høyrer vi dette om ordet: Desse boda som eg gjev deg i dag, er verken uforståelege eller langt borte. Dei er ikkje i himmelen, så du må seia: «Kven vil fara opp til himmelen for oss og henta dei ned, så vi kan få høyra dei og leva etter dei?» Dei er heller ikkje på andre sida av havet, så du må seia: «Kven vil fara over havet for oss og henta dei, så vi kan høyra dei og leva etter dei?» Nei, ordet er deg heilt nær, i munnen din og i hjartet ditt, så du kan leva etter det. (5 Mos 30,11-14)

I pinsa feirar vi Den heilage Ande. Han kjem oss heilt nær og lærer oss veg og meining. Han tolkar for oss Guds ord, som framfor alt er Jesus Kristus sjølv.                 

För att du nedsteg

hit till de plågade,

hit till de dömda,

vet vi at ingen

ensamhet finnes mer

vet vi var Gud är.

(Olov Hartmann, N13 nr.358, 3.vers)

Kari Kvangarsnes Miller

Du kan lese siste andakt her.

Tilbake