Ord til ettertanke Palmesøndag


På heimesida deler vi nokre ord til oppbygging, refleksjon, trøyst og håp. Her er ord til palmesøndag.

Tekst: Joh 12,1-13

«Kjærleik»

Tre søsken er med når Jesus og fylgjet hans er innbedne til gjestebod i Betania kort tid før påske.

Lasarus går inn i den tradisjonelle mannsrolla. Han ligg til bords saman med dei andre gjestene. Marta går inn i den tradisjonelle kvinnerolla. Ho er tenar, ja slave, kunne ein beintfram seie. Ho steller i stand mat og serverer gjestene.

Maria passar ikkje i nokon av desse rollene. Av kjærleik gjer ho noko ingen av dei andre har tenkt på, noko uhøyrt. Ho øydslar den dyre salven over Jesus og føtene hans, og tørkar dei med håret sitt.

Kjærleiken er kreativ og krev at den som elskar gjer meir enn å følge oppskrifta. Den trenger seg på og boblar over. Maria har eit overskot av kjærleik som får uttrykk i noko som er meir enn: Meir enn det som krevst, ja, kanskje meir enn det som sømer seg.

Jesus tek imot! Kjærleik er å gi og å ta imot. Og det siste kan vere like vanskeleg som det første. Jesus tok imot frå Maria utan å bli flau. Sjølv når angen fylte heile huset og alle skjøna kva som gjekk føre seg, tok han parti for Marias kjærleik, mot alle dei som ville fordømme henne. Å ta imot kan vere ei gåve til den som får gi.

Nokre dagar etter er Jesus og læresveinane samla for å feire påskemåltidet. Då legg han av seg kappa og byrjar vaske læresveinane sine føter. Har Jesus fått denne ideen frå Maria? Når Peter vil nekte han å vaske føtene sine, gjer Jesus det klart at utan at Peter tek imot det han vil gi, har dei ikkje noko saman.

La dine øyne

danse i takt med mine

hvis du vil vinne

min tillit her

La dine øyne se

det jeg har sett

La dine øyne speile

lyden av den jeg er

musikken i mine veldige

evige brønner

Kari Kvangarsnes Miller

Tilbake